Londonfararane

Londonfararane

torsdag 17. mars 2016

Helga i London

Åååh det trengte vi. Etter å ha jobba va det godt med helg. Jobben, reisinga og alle inntrykka her nede tar virkelig på. Middagslur kvar dag er virkelig nødvendig og eg føle meg like sliten dagen etter. Men vi har det bra, eg har nok lært meir på denna turen enn eg har på noken andre tura og praksisplassar. Helga brukte vi på london eye, busstur rundt i London og Oxford street. London eye var ekstremt fint, vi tok masse fine bilder og fekk med oss eit frieri i "heisen" vedsida av oss. Bussturen var fin den og, men var litt kaldt og vi var vel mest gira på å komme oss på Oxford. Eg såg for meg masse shopping på oxford men kom faktisk heim med tomme hender. Butikks med masse mennesker og rot er ikkje noke for meg, og vi var slitne. Søndagen var vi på eit handlesenter litt unna oss, vi gjekk også på resturant ilag med dei andre frå Førde, dale og Florø. Så alt i alt har vi hatt ei fin helg, og vi har fått lada litt opp til ei ny veke med praksis.


-Marte Tonning

Lennox house

Lennox house

Mine siste daga på Lennox house er snart over. Arbeidstida fra 9-3 har gått veldig fint og veldig fort. Har alltid noko å gjør, kanskje eg ikkje alltid gjør så masse men det er iallfall ikkje kjedelig. En vanlig dag kan vere:

09-10 : servere og hjelpe til med frokosten. Rydde opp og hjelpe dei som er ferdig med å følge dei inn i stova.
10-12 : Sjå på tv, servere kjeks og te, og lese avisa for dei som ikkje har så godt syn  og dei som har lyst på høytlesning. Hjelpe med å dekke på borda til middagen.
12-12:30 : pause
12:30 - 13:30 : servere suppe, middag og dessert. Mate pasientar som trenge det. Hjelpe med å servere og rydde opp. Følge dei som er ferdig inn i stova.
13:30 - 15:00 : Sjå på TV, holde aktivitetar, servere te.  På mandag stelte eg neglene til alle damene som ville det, filte dei og tok på neglelakk.

Som dåke ser så har vi alltid noko å gjør, å holde aktivitetar er kanskje det viktigaste vi gjør og det eg gjør mest sidan eg er student.

Etter å ha jobba i to veke har eg blitt godt kjend med dei ansette, huset, reglane osv. Her er noko + og - som eg syns er her iforhold til Norge.

+ ser veldig "heime" ut, veldig koselig. Masse bilde og pynt på veggane.
+ mat: dei får velge mat sjølv, har meny og valgmuligheter kvar dag. Borda er fint dekka på og dei får sitje med kven dei vil.
+ har mange tilsette som er aktivitøra, det gjør at dei har mange felles aktivitetar utløpet av veka og dagen.  I Norge har vi kun 2 som va på den avdelinga en har jobba på ein gong i veka.

- stemmebruk: nokon av dei kan nesten skrike til pasientane, og det er noko eg reagerer på og pasientane. Dei kan og kjefte på dei om dei gjør noko gale eller feil, men å kjefte til en pasient som er veldig dement er lite hjelpsomt. Dei blir berre sure og glømmer beskjeden kort etter den er gitt.
- Hygiene: teppe på golvet, blir skremt av tanken på alt som ligge i det steppe. Dei spyttar på teppe og søle konstant sida dei drikke teen i stova. Eg har heller ikkje sett noko spesielt til handhygiene, hygienen i stelle er eg usikker på grunna eg ikkje har vert i stell. Dei har ikkje nokon spesielle reglar når det gjelder negler, eg syns både personellet og pasientane har lange negler.

Ellers syns eg at eg har vert heldig med arbeidsplassen. Den er veldig stor og oversiktlig og minna deg veldig om en sjukeheim som heime. Lennox har heile 5 etasjar og nesten hundre senge, så den e bra stor.




onsdag 16. mars 2016

Lennox house

Dagane i praksis har gått kjempe fort, kan ikkje tru vi e godt over halvveis av praksisdagane. Dagane har gått så ekstremt fort, men det blir nok godt å komme heim igjen og. Den norske dusjen er kanskje det eg savnar mest, så det seier vel kanskje det at vi har hatt det godt her.

Eg begynner å bli bedre kjend med kollegane mine og pasientane så det gjør jo arbeidsdagen lettare. Det er veldig interessant å høyre på alt dei har å fortelje, om bryllupsdagen deira og andre tøffe ting dei har opplevd som foreksempel at sønnen til ei dødde av kreft og ei anna fortalte idag at tvillingsøstra hennar blei påkjørd rett framfor ho. Ho fortalte kor hjelpesløs ho følte seg og at ho berre låg der heilt flat. Kva skal man sei? ..

Eg prøver å finne på litt aktivitetar med dei, idag tegna eg med en pasient, lest avis og sett på TV. Kjøkkenet var og ute av stand idag, men det gjekk heilt fint. Det eg ikkje likte var at dei jobba på kjøkkenet og lagde masse støy medan pasientane spiste middag. Dei kunne vel sagt ifra at dei kunne ta pausen då i 30 minutt istedenfor rett etter pasientane hadde spist.



tirsdag 15. mars 2016

Fredag 11.03.2016

Denne veka har gått kjempe fort. Eg har kome godt inn i rutinane på arbeidsplassen, så dagane er fullt opp med gjeremål. Eg har også prata mykje med pasientar og kollegarar, og trives kjempe godt ilag med dei. Dagane går ofte i dei same, men eg trives godt med det. Etter kvart som eg er der, legg eg merke til fleire og fleire ting. Ein merkar godt at hygienen ikkje er den same som i Noreg. Dei er ikkje så grundige på om alt ligg opp i bosset, Ofte ligg bæsjebleier på golvet, og dei skrapar saman alt bosset før dei tar det med ut og kastar det.

Dei siste dagane har eg arbeida mykje med kommunikasjon. Det er lettare å snakke engelsk no, og eg føler kommunikasjonen går mykje lettare. Når alt av stell og mating er unnagjort, prøver eg å finne på aktivitetar med brukarane. Det er ikkje alle pasientane som ein kan gjere aktivitetar med, på grunn av ulike hemningar. Men dei pasientane ein kan gjere aktivitetar med, er veldig glade i brett spel. Det går ofte i Scrabble, og eit spel som heiter «upwords». Dette spelet er det same som Scrabble, berre at ein kan byggje på orda oppover. Ein anna aktivitet nokre av pasientane likar er å teikne. Dei har ein perm, der ein kan finne fram teikningar som ein kan fargelegge.


Eg får ikkje lov å ta bileter på arbeidsplassen min, så blir dessverre ingen bileter. 

mandag 14. mars 2016

Siste helga i London

På fredag var vi på musikalen "The Lion King", det var ein fin opplevelse. Vi vart litt forsinka, då det var veldig vanskeleg å finne fram, men vi kom oss fram, 10 minutt forsinkelse etter å ha sprunge rundt i ein halvtime for å finne fram. 

På Lørdagen reiste vi på eit shoppingsenter - Westfield Stratford City. Det var eit stort senter med mange butikkar. Der fekk vi gjort unna siste shoppingen, og svidd av siste rest av pengane før vi skal heim om nokre dagar. 

Søndag var det strålande sol, og fin temperatur så då fann vi ut at vi ville reise til Hyde Park, vi måtte reise ei god stund men det var verdt det! Vi hadde ein fin dag, og tok mange fine bilder!





Bilder frå Søndagen på Hyde Park.

- Iselin og Kristiane

Fredag 11.03

På Fredag i praksis starta vi som vanleg med morgonstell, eg var med på 2 stell før eg mata eit par pasientar. Morgonstellet går veldig fort, og på kort tid er mange pasientar oppe. Nokon et frukost på spisestua mens andre går rett på stua for å ete. Etter frukosten sit pasientane å slappar av, nokon teikar, ser i bøker eller puzlar puzlespill. Så når klokka blir halv12 begynner dei å ta med pasientar på do før lunsjen som begynner 1230. Då kjem det inn mat til kvar pasient, der det står namn på fata, og vi delar ut og hjelper dei som treng hjelp med maten.

Når lunsjen er ferdig får vi alle pasientane inn igjen på stua før det er tid for oss å ete, vi har lunsjen vår 1330-1400. Når klokka blir 1400, begynner vi med aktivitetar. På fredag mala vi saman med pasientane. Det var klipt ut blomstrar som dei skulle male på. Vi hadde 2 og 2 bort til bordet og dei fekk sitte der å male ei stund, før vi fekk bort to nye. Vi sat til klokka var 1515 å mala, før vi reiste heim og var klare for helg!

Siste veka i praksis




No er vi veldig klar for heimreise, ikkje mange dager igjen før vi er heime .

Desse vekene har gått veldig fort, og er blitt meir og meir kjent med både pasienter og kollega. Vi begge to har lagt godt merke på forskjellen mellom sjukeheimen er i London og i Norge. Her i London sitt for det meste pasientane aleine mens dei andre kollegane er opptatte med stell etter frokost. På desse sjukeheimane som meg og Silje er på blir ikkje pasientane tatt opp til frokost, med mindre dei er våkne. Paseintane som ikkje er stelt, blir servert frokost på senga . Kollegane går heller inn til pasientane etter frokosten og steller dei.

Eg (Birgitte) ser at faktisk nokon pasienter ikkje blir stelt i det heile tatt. For kollegane har ikkje tida til det.  På sjukeheimen der Silje jobber merker ho at når kollegane har lite å gjere på går dei heller sammen i eit stell på ein pasient. Vi begge ser at kollegane sette lite av tid til å sette seg ned med pasientane å prate med dei.


I helge har vi vært på musikal, løvenes konge. Det var ein fantastisk opplevelse. Men komplisert start. haha , nei vi sleit veldig med å finne fram så det endte jo med at vi måtte springer langt for å finne fram til musikalen. Med 10 minutt forsinkelse, kom vi oss heldigvis inn.








På lørdag reiste vi på shopping, så vi kan sei vi er begynt bli litt lei shopping no. 
Her i London er våren begynt å komme


Vi er veldig spente på kva dei siste dagane vi bringe. Så blir det heimreise på fredag og utdeling av diplom fra ADC på torsdag. 

Ha ei strålande veke :) 

- Birgitte og Silje