Londonfararane

Londonfararane

torsdag 10. mars 2016

2 veka på Lennox house

No har vi jobba en del daga og e komt inn i rutinene her i London generelt og på praksisplassen. Forskjellene på her og Norge begynner å bli store etter å ha blitt betre kjend her, nokon fordelar og nokon ulemper. Eg syns at pasientane her blir snakka til dårligare her enn heime, dei kan skrike og kjefte på pasientane om dei er i vegen for dei eller andre og det er eg ikkje vand med heime. Eg er også litt usikker på når dei er sinte og ikkje fordi dei snakka så høgt, føle dei skrike heiletida og det e noko pasientane har sagt til meg at det e bra eg ikkje gjør. Dette gjelder selvfølgelig ikkje alle! Sjukeheimen er veldig koselig og det ser meir ut som en heim enn det gjør i Norge. Veggen e fylt med bilde på alle romma, både på fellesromma og på soveromma. Pasientane sitt også meir aleine her enn dei gjør i Førde, eg sit ofte aleine med dei i stova medan dei andre ansette er på kontoret eller gjør kontorarbeid i gangen. Idag var eg aleine i stova medan dei andre hadde møte, og då begynte 3 av pasientane å sloss, eller eine slo dei to andre og dei andre berre skreik, kjefta og trua tilbake. I denne situasjonen blei eg veldig usikker, eg va aleine og eg hadde ikkje sett nokon av dei pasientane slik så eg var usikker på korleis eg skulle håndtere dei og kva dei kunne vere istand til å gjør. Eg fekk pasientane til å roe seg og sette seg ned på forskjellige plassa, så det ordna seg.

Dagane mine går egentlig å sitte i stova og prate med pasientane, holde litt aktivitetar, servere og rydde opp te, hjelpe til under måltid og der det trengs. Idag lærte eg litt quikstep av eine pasienten også fulgte eg eine pasienten opp på en aktivitet i etasjen over. Dei hadde litt aktivitetar for kvinnene  siden den va den internasjonale kvinnedagen idag. Det er 3 aktivitøra på huset som finner på litt diverse for pasientane. Dei jobbar også kvar dag.

Å snakke med pasientane er veldig interessant, mange av dei har mykje å fortelje. Er så mange som har opplevd så mykje, både på godt og vondt. Dei er jo gamle så er kanskje ikkje rart dei har mange historier på lur. Eg trivast iallfall godt på Lennox house,  og føler meg godt tatt imot av både pasientane og dei tilsette. Mange av pasientane hugser meg faktisk igjen og forteljer dei andre pasientane kven eg er og kvifor eg e her fleire dagar etter eg har sagt det til dei, så eg veit ikkje heilt kor demente dei er. Mange av dei er iallfall i startfasen av å bli dement. Mange av pasientane er veldig klar over at dei er begynt å bli demente og glømmer ting, eg merker at det påvirka pasientane psykisk. Dei stiller seg spørsmål om kvifor det måtte bli dei og skjønna ikkje kvifor dei har fått det fordi det ligger ikkje i familien og at dei hat holdt seg funne og friske.

-Marte Tonning

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar