Londonfararane

Londonfararane

tirsdag 1. mars 2016

Dag 1 og 2 i London

No er vi komt fram til London og alle reiser har gått veldig bra. Vi kom til London 13.30 på Søndag, då blei vi kjørt til ADC college som er det college som skulen samarbeidar med. Dei stod vi i nokre minutt før vertsfaren vår kom å henta oss og køyrde oss hit vi bur. Vi bur med ei dame og ein mann, og er veldig fornøgde med både familien og huset, så vi har det veldig bra.

Mandag morgon gikk vi til ADC med vertsfaren vår, dei vi skulle møte kl09.00, det tok kun 5 minutt å gå. På ADC fekk vi veldig mykje informasjon og vi fekk reiserute til jobb så vi lett skulle finne fram dit. Når klokka nærma seg 11.30, skulle vi ut å prøve ruta til jobb. Vi (Iselin og Kristiane) arbeidde veldig nært kvarandre så vi tar både buss og undergrunn ilag, noko som er veldig greit sidan vi bur ilag også. Når vi har komt av undergrunnen går vi kvar vår veg og det tek ca 5 minutt for begge to, og vi finn lett fram.

Etter vi hadde funne fram til arbeidsplassen tok vi undergrunne tilbake til busstasjonen der det ligg eit shoppingsenter. På shoppingsenteret åt vi lunsj saman med Birgitte og Kristine på burgerking før vi møtte Marte og Silje og gikk innom ein del butikkar og fekk brukt litt pengar før vi reiste heim, åt ein god middag som vertsmor laga før vi dusja og hoppa til sengs og sovna ganske fort.

-Kristiane og Iselin

 Arbeidsplassen til Iselin

 Reiserute til jobb


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar