Londonfararane

Londonfararane

torsdag 3. mars 2016

Eastbury Nursing Home

Då er eg ferdig med tre dagar i praksis, og inntrykka er veldig blanda. Eg er utplassert på Eastbury nursing home, der eg arbeidar med brukara som har problem med fysisk og mental helse. Demente, bipolar, cerebral parese og pasientar med hovudskade er berre få av dei mange sjukdommane dei ulike brukerane har. Til saman er det 18 brukara. Dei aller fleste ligg på enkeltrom, men det er også nokre brukara som ligg på dobbelt rom. På dobbelt romma er det gardinfohenga som skil sengene frå kvarandre.

Kvar morgon får eg ein vegleder som eg skal vere med. Då observerer eg stell på ulike pasientar. Til no har eg observert at det er ganske store forskjellar på stell i forhold til kva det er heime i Noreg. Dei vaskar seg mindre på henda, og dei er mindre nøyen på hygienen. Vanlegvis er eg med på stell frå då eg kjem klokka 9 til klokka 12.

Lunsj et dei Ca klokka halv 1. Då er eg med og serverar drikke, og matar pasientar. Dei får velje mellom to rettar, pluss dei får ein liten dessert etterpå. For eksempel i dag kunne dei velje mellom kylling, eller pølser. Til dessert var det crème brulee. Etter all maten, er det vanleg å drikke te. Då er det mange brukara som tek denne med seg inn på rommet og slappar av.


På slutten av dagane prøver eg og Theresa som kjem frå Dale og finne på aktivitetar med brukarane. Ting vi har gjort til no er å spele Scrabble, kort og spele med ein plastikk fotball. Eg har fått vore med på mykje meir enn eg trudde eg ville, og er fornøgd med praksisplassen min. Men eg tykkjer eg må spør mykje om arbeidsoppgåver sjølv, og ofte får eg til svar at dei ikkje treng hjelp. Dei eg arbeider saman med er snille, men litt vanskeleg å få kontakt med. 



                                                             (Eastbury Nursing Home)
                                                                        -Kristiane

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar