Londonfararane

Londonfararane

mandag 14. mars 2016

Fredag 11.03

På Fredag i praksis starta vi som vanleg med morgonstell, eg var med på 2 stell før eg mata eit par pasientar. Morgonstellet går veldig fort, og på kort tid er mange pasientar oppe. Nokon et frukost på spisestua mens andre går rett på stua for å ete. Etter frukosten sit pasientane å slappar av, nokon teikar, ser i bøker eller puzlar puzlespill. Så når klokka blir halv12 begynner dei å ta med pasientar på do før lunsjen som begynner 1230. Då kjem det inn mat til kvar pasient, der det står namn på fata, og vi delar ut og hjelper dei som treng hjelp med maten.

Når lunsjen er ferdig får vi alle pasientane inn igjen på stua før det er tid for oss å ete, vi har lunsjen vår 1330-1400. Når klokka blir 1400, begynner vi med aktivitetar. På fredag mala vi saman med pasientane. Det var klipt ut blomstrar som dei skulle male på. Vi hadde 2 og 2 bort til bordet og dei fekk sitte der å male ei stund, før vi fekk bort to nye. Vi sat til klokka var 1515 å mala, før vi reiste heim og var klare for helg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar