Denne helga har vi både
slappa av og opplevd mykje. Fredagen tok vi ein roleg kveld heime, før vi var
tidelig oppe lørdagen. Klokka 11 skulle vi på London eye. Dette var kjekt, og
fekk sett mykje av London. Etter London eye reiste vi på ein sightseeing buss
tur. Dette blei ein kald tur då vi måtte sitte ute. Men då vi fekk valet om å
kjøre vidare med bussen, eller å reise på shopping var ikkje valet vanskeleg.
Vi fann fram til nærmaste undergrunn og tok den til Oxford street. Der blei det
eindel shopping, før vi reiste tilbake til vertsfamilien. Søndagen reiste vi på
outlet, og shoppa endå meir. På kvelden reiste vi og åt middag ilag med resten
av gjengen som reiser. Vi la oss tidleg for å lade opp til ei ny veke i
praksis.
-Iselin, Kristine, Marte og Kristiane
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar