Londonfararane

Londonfararane

torsdag 3. mars 2016

I dag har eg vore ute i tre praksisbesøk så dagen starta tidleg. Kl 10 var eg på plass på Eastbury Nursing Home der Kristiane er saman med Theresa frå Dale. Dette er ein Nursing Home der vaksne menneske med psykisk sjukdom bur. Det er interessant å få snakke med ho som driv institusjonen sjølv om ho er litt avmålt og eg vert berre vist rundt i kjøkken og opphaldsrom.
Elevane har endå mest gått saman med nokon og observert.
Neste besøk var Northwood Nursing Home. Dette var i gangavstand. Herleg å gå i utkantlondon og kjenne vårsola varme i nakken og sjå Magnolia og Påskeliljer i knopp. Her trefte eg Kristine og Vilde frå Dale. Dette er og ein institusjon med psykisk sjuke frå 50 til 90år. Eg blei teken varmt i mot av sjefen og han synte meg stolt rundt. Institusjonane har eige kjøkken og her kunne dei velje mellom 4 ulike rettar til middag. Spisestove og matlukt i gangane gjer det ganske heimleg. Institusjonen speglar elles det internasjonale London. Eg helste på tilsette frå Polen, Burma,Kenya, Indonesia, Fillipinene, Thailand og India. Elevane har blitt tekne godt i mot og har ulike oppgåver.
Så gjekk ferda vidare med undergrunn og buss til Birgitte. Ho er saman med ei jente frå Belgia. Tolmod er ein dyd seiest det. Etter å ha venta ein time etter avtala tid fekk eg beskjed om at sjefen ikkje hadde tid til å møte meg likevel. Eg fekk sende spørsmål og beskjedar gjennom sekretæren. Ja, ja, eg og Birgitte hadde no fått prata lenge og ho fortalde om det ho visste så langt. På denne institusjonen hadde ikkje elvane fått observert så mykje endå så vi ba om at dei måtte få/ få sjå fleire oppgåver.
Så opplevingane og kva dei får vere med på varierer ganske mykje. Det gjeld berre å prøve å tenke at det er læring i det og.

1 kommentar:

  1. det ser ut ifrå bloggane til elevane at opplevingar er det rikeleg av :-) håpar arbeidsoppgåvene vert fleire etterkvart for nokre av dei!
    stå på både elevar og deg Ingunn

    SvarSlett