Londonfararane

Londonfararane

onsdag 16. mars 2016

Lennox house

Dagane i praksis har gått kjempe fort, kan ikkje tru vi e godt over halvveis av praksisdagane. Dagane har gått så ekstremt fort, men det blir nok godt å komme heim igjen og. Den norske dusjen er kanskje det eg savnar mest, så det seier vel kanskje det at vi har hatt det godt her.

Eg begynner å bli bedre kjend med kollegane mine og pasientane så det gjør jo arbeidsdagen lettare. Det er veldig interessant å høyre på alt dei har å fortelje, om bryllupsdagen deira og andre tøffe ting dei har opplevd som foreksempel at sønnen til ei dødde av kreft og ei anna fortalte idag at tvillingsøstra hennar blei påkjørd rett framfor ho. Ho fortalte kor hjelpesløs ho følte seg og at ho berre låg der heilt flat. Kva skal man sei? ..

Eg prøver å finne på litt aktivitetar med dei, idag tegna eg med en pasient, lest avis og sett på TV. Kjøkkenet var og ute av stand idag, men det gjekk heilt fint. Det eg ikkje likte var at dei jobba på kjøkkenet og lagde masse støy medan pasientane spiste middag. Dei kunne vel sagt ifra at dei kunne ta pausen då i 30 minutt istedenfor rett etter pasientane hadde spist.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar