Londonfararane

Londonfararane

mandag 14. mars 2016

Praksisbesøk hos Iselin, Silje og Marte.

Denne dagen starta og tidleg. Med besøk kl 10,12 og 14 på ulike stadar og med bra med reiseveg gjeld det å halde tunga beint i munnen og kartet rette vegen.
Starta hos Iselin på Seymore House. Denne heimen ligg fint til i ei gate i nordvest London og er ein del av ei rekke med boligar som ser ut som, og har vore fine privathus. Dette ser ein mykje av: fine, store herskaplege bustadar som vert gjort om til små private institusjonar Dei fleste Nuring Homes er ikkje ein del av det offentlege systemet men privat drevne. Mange av dei er ganske dyre å bu på.

Iselin og Ingrid frå Florø er godt i gang i frukosten når eg kjem. Vi snakkar litt med sjefen om korleis det går og aktivitetar dei kan vere med på. Jentene syner meg nokre flotte veggar med bilete dei har har hengt opp. Ein heidags kjedeleg arbeid seier dei, men veldig fint for miljøet til pasientane.

Vidare går ferda til Sedra Nursing Home der Silje og Stine frå Florø er. Denne institusjonen var eg på for to år sidan og det er veldig hyggeleg å helse på sjefen som huksar meg og ønskjer meg velkommen tilbake.
Dette er ein liten heim med berre 19 pasientar. Den er veldig kommerleg og trong. Ingen av pasientane har eige bad og det meste foregår på stua. likevel kjenner ein at det er ei god atmosfære, med aktivitet og innhald. Det går i førebuingar til morsdag, som er i Mars i England.

Etter dette besøket skal eg forflytte meg til ein kant av byen eg ikkje har vore før. Marte og Hristo frå Florø er på Lennox House lenger aust i London.  Når eg går av undergrunnen her er det eit anna bybilde som møter meg. Det er slutt på fine gater med hus og hagar. Her er det trafikk, butikkar, marked og folket speglar London som den fleirkulturelle byen den er. Heile verda er samla her.
Lennox House er det neraste eg har vore det vi tenker på med institusjon som her heime. Ei stor, forhaldsvis ny bygning med avdelingar over 4 etasjer og tilsaman 80 pasientar. Institusjonen er for demente og er inndelt etter kor i sjukdomsutviklinga du er.

Det er utruleg kjekt og lærerikt å få anledning til å sjå institusjonane og snakke med folk som jobbar der. Vi lærere mykje. Refleksjon om korleis vi har det her, og korleis det vi ser og opplever det er der, er nyttig lærdom.


 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar