Londonfararane

Londonfararane

torsdag 3. mars 2016

Seymour House

Eg er utplassert på Seymour House i Northwood. Der begynner arbeidsdagen kl09.00 og varer til 17.00, eller 15.00 då det er ganske lenge å gå til 17.00. Eg har no vore der i 3 dagar og for det meste har vi observert, vore med å servert te og mata pasientane. Vi får ikkje vere med på så veldg mykje sidan vi ikkje er 18, og det er ganske strenge reglar i England, så vi har til dømes ikkje vore med i stell og anna pleie.

På sjukeheimen bur der eldre som er demente, eller dei er berre veldig forvirra. Der er 24 rom, og eg trur det bur nokon på alle rom, så er det ei stue der det står ein stol til kvar pasient, og det er ei spisestue der alle saman sit å et alle måltida saman. Til frokost får pasientane te, og dei kan velje mellom gryn og melk, toast eller sandwich med syltetøy eller peanøttsmør, og til middag får dei alltid velje mellom 2 forskjellige rettar.

Hygienen her er mykje betre enn eg hadde forventa, sjølv om den ikkje er like bra som i Norge. Der er ikkje vegg til vegg teppe, som det er dei aller fleste plassar i England, og når vi er i spisestua under middagen brukar alle forklede og hårnett. Men det dei ikkje har her, som er heilt vanleg i Norge er dispensarar med antibac på veggane, og som eg ser vaskar dei seg ikkje så ofte på hendene, men med tanke på det eg hadde førebydd med på så er det betre enn eg hadde forventa.

Eg har eit veldig blanda inntrykk av sjølve Seymour House, personalet er veldig greie når vi først pratar med dei, men eg føler ikkje at vi har blitt så veldig godt tekne imot. Vi har ingen faste vegleiara, noko som er litt synd sidan vi då står mykje opp og ned å ikkje heilt veit kva vi skal gjere, og når vi spørr etter arbeidsoppgåver takkar dei ofte nei til hjelp og vi står der utan arbeid, elles er det ein grei arbeidsplass med greie folk.

-Iselin

 Arbeidsplassen min

 Spisestua






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar