Londonfararane

Londonfararane

mandag 14. mars 2016

Siste helga i London

På fredag var vi på musikalen "The Lion King", det var ein fin opplevelse. Vi vart litt forsinka, då det var veldig vanskeleg å finne fram, men vi kom oss fram, 10 minutt forsinkelse etter å ha sprunge rundt i ein halvtime for å finne fram. 

På Lørdagen reiste vi på eit shoppingsenter - Westfield Stratford City. Det var eit stort senter med mange butikkar. Der fekk vi gjort unna siste shoppingen, og svidd av siste rest av pengane før vi skal heim om nokre dagar. 

Søndag var det strålande sol, og fin temperatur så då fann vi ut at vi ville reise til Hyde Park, vi måtte reise ei god stund men det var verdt det! Vi hadde ein fin dag, og tok mange fine bilder!





Bilder frå Søndagen på Hyde Park.

- Iselin og Kristiane

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar