Londonfararane

Londonfararane

tirsdag 8. mars 2016

Tysdag veke 2

Då er vi snart halveis i praksisen, og så langt går det bra. Dagane er ganske like, og eg begynner å bli vandt med rutinane. Kvar morgon startar eg med å være med i stell. Kvar arbeidar har fire pasientar kvar som dei steller. Dersom ein har ansvaret for vaskerommet, har ein berre tre pasientar. Kvar dag får eg ein vegledar eg skal følgje i stellet. Ho eg arbeida med hadde budd i norge i 27 år, og budd i Florø i 17 av dei. Det var kjekt å kunne snakke norsk på arbeidsplassen, då eg vanlegvis berre snakkar Engelsk.

På pleieheimen er det kun ein sjukepleiar på arbeid om gangen. Då resten av pleiarane er helsefagarbeidarar og assistentar. Sjukepleiaren er manageren på pleieheimen. Det er sjukepleiaren som lagar til medisinar, og skal sjå på pasientane om dei blir sjuke. Manageren/sjukepleiaren er den som tek seg av kontorarbeid, og er ikkje med i stell. Ein merkar godt kven som er sjefen på arbeidsplassen, då ein har mykje meir makt over arbeiderane.

I stellet har eg merka at det er stor variasjon på korleis ting blir gjort, og kor nøyen dei er på å få brukaren rein. Det er også dårlegare hygiene enn kva vi er vande med i Noreg.  Alt stell blir gjort i senga. Når dei er ferdige med stellet, skiftar dei lakenet. Kvar pasient har også ein vask på rommet sitt. Kleda til pasienten blir kasta på golvet, og kremar ligg utover heile rommet. Dersom pasienten ofte får besøk, brukar dei å rydde rommet skikkelig. Men dersom pasienten sjeldan får besøk, er dei ikkje like opptatt av at det skal sjå fint ut.


Etter stell er eg med og serverer lunsj, og matar pasientar. Etter lunsj prøvar eg å finne på aktivitetar med pasientane. Dette er ikkje alltid like lett, då dei ofte er trøtte eller ikkje i stand til å være med å spille. Men det er nokre få pasientar som likar og spille, og eg set meg ofte ned med dei og spelar. 

-Kristiane


1 kommentar:

  1. Hei!

    Så artig at du har treft nokon som har budd i Florø. Du får fortelje at læraren din bur der og om det er nokon vi skal helse til:-)

    SvarSlett